Velkomen til gode opplevingar på Vetlemyrane Gard
På Vetlemyrane kan de finne roen. Tunet ligg stilt og fredelig til, i eit vakkert kulturlandskap omkransa av storslått natur. Hos oss kan de bu i Gamlestovo på tunet.
På garden har vi sau, ammekyr og hundar. Om de ynskjer kan de vere med oss å stelle dyra, eller de kan vere med når vi ser til sauene på beitet. Hundane er lært opp til å gjete sau, og som oftast er dei med oss.
Vetlemyrane ligg i Hardanger nær Øystese sentrum, om lag 1,5 time frå Bergen med buss eller bil.
Vi ynskjer dykk eit triveleg opphald tett på naturen.