Torefjell Panorama
Topptur
Ein av dei mest populære turane blant dei lokale turvandrarane. Krevjande tur som verkeleg gir deg utsikta du draumar om å sjå i Hardanger.
Turen startar i Fitjadalen med lett stigning til Nystøl, og vidare til Børveflyane. Her er det godt utsyn over fjorden og Øystesebygdene. Vi går vidare, brattare no, mot toppen av Torefjell, 1030 moh. Om været er bra, et vi niste på toppen og nyt den fantastiske utsikta. På tilbakevegen passerar vi stølen Ruedal. Nede ved Fitjadalsvatnet igjen følgjer vi stien langs med vatnet til vi igjen kryssar elva og er tilbake ved utgangspunktet.
Pris: voksne kr. 700,- barn under 16 år, 300 kr. 15% rabatt hvis 4 eller flere i gruppe.